Dato: 09. april
Tid: 13.00–15.00
Sted: Akvariet i Bergen
Arrangør: Klimapartner Vestland i samarbeid med Framtidshavet, NORCE og Akvariet i Bergen
Den norske kysten vår har dei same utfordringane som overalt i heile verda: Enorme mengder plastsøppel har innteke havet og forureinar viker, strender, kystsoner og dyreliv på sjø og land. Plasten infiltrerer seg med jorda. Mikroplasten endar opp i kroppane til dyr og menneske – med ukjende helsemessige konsekvensar.
Men Havhåpet finst! Menneske som elskar kloden og naturen har rydda både i norske fjordar og fjerne strender. I dette møtet på Akvariet i Bergen vil Kenneth Bruvik – kjent frå den oppsiktsvekkande NRK-serien «Plasthavet» fortelja frå sitt nylege besøk i India – der advokaten Afroz Shah og hans hær av støttespelarar utrettar beintfram mirakuløse gjenskapingar av strender som før såg ut som søppelfyllingar. Det er ei sterk forteljing som gir håp for havet og alt liv på kloden.
Også i Noreg nyttar det: Vi er mange som er med på strandrydding - men fleire trengst. Ikkje minst bedrifter langs kysten har alt å vinna på å engasjere seg. Tilsette, leiarar, skuleelevar – ingen går upåverka heim etter å ha erfart plastutfordringa på nært hald. Det nytter å gjere noko. Seniorforskar Gunhild Bødtker vil også delta og gi oss innsyn i plastutfordringa frå forskarperspektivet – og om eit nytt spennande prosjekt som pågår i vårt nærområde!
Og kva betre rammer å snakke om dette enn på Akvariet i Bergen? Møtet vert leia av Arild Sondre Sekse og vil føregå både ute og inne. Til slutt inviterer vi til ein samtale med publikum, der vi vil inspirere til handling, og sparke i gang verdas største plastryddeaksjon! Kom og ver med!
Praktisk informasjon
- Kontaktperson for arrangementet: Christine Ødegaard, Klimapartnere Vestland: Christine.Henriksen.Odegaard@vlfk.no
- Påmelding: Havhåpet! Saman for ein plastfri kyst.
- Du finner Akvariet i Bergen her: Nordnesbakken 4, 5005 Bergen