One Ocean Week

Bilde av Vingeneset
Bilde: Vestland fylkeskommune

10. april - Prosjektverkstad: Korleis utvikle og få finansiering til forskingsbaserte innovasjonsprosjekt i havnæringar?

Dato: 10. april
Tid: kl. 13.30-15.30
Sted: Litteraturhuset, Fosse-stova, Østre Skostredet 5
Arrangør: Vestland Fylkeskommune, FORREGION Vestland, Forskningsrådet 

Har du ein idé som kan føre til innovasjon? Planlegg du å starte ein innovasjonsprosess der forsking kan vere sentralt for å realisere ambisjonane dine om nye produkt, tenester eller prosessar? 

På prosjektverkstaden 10 april vil du få gode verktøy til å strukturere og planlegge eit forskingsbasert innovasjonsprosjekt. Du vil få innføring i oppsett av ein god søknad til  FORREGION Vestland eller Forskingsrådet sine utlysingar for bedrifter.  Du vil få tips om kor det er lurt å søke finansiering.

Du kan også avtale individuell oppfølging og gratis rådgiving til ditt prosjekt frå ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland.

Det er begrensa med plassar. Meld deg derfor på så raskt som mogleg. 

Praktisk informasjon