One Ocean Week

10. april - Bergen som energihub for grønn skipsfart - HAVlunsj under One Ocean Week

Dato: 10. april
Tid:  kl. 11.00–13.00
Sted: Havnerommet
Arrangør: Maritime CleanTech

Bergen Havn er verdsleiande i å forsyna skip med rein energi, og ein drivar i omstillinga av skipsfarten på Vestlandet. Kva er dei neste stega på vegen mot nullutslepp? Maritime CleanTech inviterer til kraftsamling med maritim næring og leiande politikarar på HAVlunsj under One Ocean Week.

Klimastrategien til Bergen kommune set som mål at Bergen Havn skal bli fossilfri. Liknande ambisjonar går igjen i så vel nasjonale som fylkeskommunale planar. Men korleis får me det til i praksis?

I prosjektet «Energihub for skip» har Maritime CleanTech og partnarar i den maritime verdikjeda vurdert behov, barrierar og verkemiddel for utsleppskutt i sjøfarten gjennom auka bruk av lade- og landstraum. Sambruk, standardisering og politikk peikar seg ut som nøkkelfaktorar.

På denne spesialutgåva av HAVlunsj under One Ocean Week vil aktørane sjølve presentera kor dei ser at skoen trykker. Me inviterer til dialog med leiande politikarar om kva dei vil gjera for å realisera visjonen om ei utsleppsfri hamn. 

Lunsj og mingling frå kl. 11.00. Programmet frå scenen startar kl. 11.30 og er ferdig til 12.45.

Med: 

  • Stian Davies, fylkesvaraordførar (Ap), Vestland fylkeskommune
  • Jacob Mæhle, finansbyråd (H), Bergen kommune
  • Camilla Neumann-Berg, Business Development Manager,  Plug AS
  • Silje Glesnes, juridisk leiar, Bergen Havn
  • Bjørn Sturle Hillestad, VP Sales and Marketing, Zinus AS
  • Lars A. Rødne, dagleg leiar, Rødne AS
  • Håvard Tvedte, leiar for marknadsutvikling, Maritime CleanTech 

Praktisk informasjon