One Ocean Week

Fjord med fiskemerder, fjell i bakgrunnen
Bilde: Frode Hovland

09. april - Saman om sirkularitet i sjømatnæringa

Dato: 09. april
Tid: 09.00–13.30
Sted: Vestlandshuset
Arrangør: Vestland fylkeskommune

Vi har snakka om sirkularitet i sjømatnæringa i 20 år - kva er eigentleg status og korleis kan vi komme eit steg vidare og omsette forsking og utvikling til sirkularitet i praksis?

Fyrste del av dagen presenterer prosjektleiarar og -deltakarar konkrete prosjekt frå Vestland fylkeskommune si tilskotsordning Berekraftig verdiskaping, FORREGION og Grøn region Vestland:

  • Kompakt produksjon av olje og mel fra laks (Clear Ocean AS – Stig Randal)
  • From fishwaste to Jetfuel (Fjell Technology Group AS – Halvard Madsen)
  • Forprosjekt for kartlegging av mulighetsrom for grønn næringsutvikling i fiskeri- og havbruksnæringer (Måløy Vekst AS & Hub for Ocean - Ingeborg Skrefsrud
  • Symbiose Fjordane - Blått avfall, grøn ressurs (Hub for Ocean – Stein Kvalsund)
  • Hindrer salt sirkulære verdikjeder i havbruk? (The Seafood Innovation Cluster – Elise Sæle Dahle)
  • Biokull produsert på slam fra matfisk kan benyttes i dyrkningsmedium (Toppe gartneri – Jørn Erik Toppe)
  • Industriell symbiose fra landbasert oppdrett (The Seafood Innovation Cluster – Elise Sæle Dahle)

Vi fortset med ei panelsamtale om korleis vi får til meir sirkularitet i sjømatnæringa med Hans Kleivdal (NORCE), Krister Hoaas (Sjømat Norge), NCE Seafood Innovation (Solveig Holm) og WWF (Fredrik Myhre). 

Etter ein enkel lunsj blir det lansering av dashboard for marine verdikjeder ved Lene Borgen Waage (Vestland fylkeskommune), presentasjon av rapport om måleverktøy for sirkulærøkonomi i sjømatnæringa frå Renée Bechmann (NORCE) og diskusjon om korleis vi bør ta steget vidare. 

Du kan velge å melde deg på heile dagen, eller delta enten før eller etter lunsj (9-12 eller 12-14). 

Praktisk informasjon