Dato: 09. april
Tid: kl. 17.00-19.00
Sted: Havnerommet, Skoltegrunnskaien 1
Arrangør: Ragn-Sells Havbruk og Norwegian Seaweed Cluster
Norge har store mål om å auka mat- og fôrproduksjonen, men utilsikta regulatoriske krav står i vegen. Korleis kan vi gjere desse hindera om til løysingar med høg verdiskaping? Og korleis kan vi utnytta havets ressursar, som tare til fôr og mat, eller slam frå lakseoppdrett som gjødsel i
landbruket? Dersom vi skal få stabla på beina ei heilskapleg og lønnsam verdikjede for nye ressursar, så krevst det at vi raskt får på plass det regulatoriske rammeverket som speler på lag med den teknologiske/marknads utviklinga. Bli med og utforsk to store moglegheiter for berekraftig matproduksjon basert på unytta biomasse frå havet. Kan dette både redusera klimaavtrykket og forbetra miljøet?
Høyr leiande aktørar frå industri, forsking og forvaltning dela innsikt, og delta i diskusjonen saman om korleis Noreg kan skapa nye verdikjeder frå havet i ei tid med geopolitisk uro.
Det vert servert ein smakfull Poke Bowl med tare frå Lerøy Seafood/Ocean Harvest. Ver med i samtalen om framtidas mat- og fôrproduksjon!
Kl. 17 – 18 Verdikjede TARE Behovet for testing og pilotering
Innledende presentasjon fra Norwegian Seaweed Cluster, etterfulgt av innlegg fra Bellona v/Silje Båtsvik Risholm, Lofoten Seaweed Company v/Tamara Singer. Ocean Forest Harald Sveier. Avrundast med paneldebatt frå de ulike aktørane.
Kl 18 – 19 Verdikjede SLAM Nye verdikjeder og sirkularitet
Innledende presentasjon fra Ragn-Sells Havbruk – nye verdikjeder og sirkularitet. Etterfulgt av innlegg fra Ann Cecilie Hilling fra NCE Aquaculture, Elise Dahle fra And Friends / Prosjektleder Voss Virka og Ragn-Sells, v/Pär Larshans. Avrunding med paneldebatt frå deltakarane.
“Ja, tenke det; ønske det; ville det med; – men gjøre det”. Henrik Ibsen
Praktisk informasjon
- Kontaktperson Cecilie Jordal 93287509 - Ragn Sells Havbruk,
- Arrangementet er ope. Dropp inn eller meld dykk på:
- Språk: norsk
- Her finn du oss: Skoltegrunnskaien 1