One Ocean Week

Bilde av installasjonen
Bilde: Magnhild Øen Nordahl

05. april - Presentasjon av Vannmåler for Bergen av kunstnar Magnhild Øen Nordahl og forskar Kristin Richter

Dato: 05. april
Tid kl. 13.00
Sted: Dreggekaien ved  Beffen
Arrangør: Kunstnar Magnhild Øen Nordahl og forskar Kristin Richter

Kunstverket er montert på Dreggekaien ved Beffen i perioden 5.-11. April. Prosjektet blir presentert på kaikanten lørdag 05.april kl 13, og under Klimaavdelinga sitt arrangement “Meeting sea level rise in European cities: Living with/against the ocean”.

Vannmåler for Bergen er eit kunstverk laga av Magnhild Øen Nordahl, formidla saman med forskar Kristin Richter frå NORCE. Kunstverket er ein installasjon montert på Dreggekaien som viser kor på brygga ein finn nullpunkt for kart, kva som er ei normal flo eller fjøre, kor høgt den gjennomsnittlege vannstanden ligg i dag og kor høgt vatnet kjem opp når det er stormflo. Installasjonen synliggjer kor desse nivåa vil ligge i år 2100, basert på FN sitt klimapanel sine berekningar av ulike utsleppsscenarier. Når vatnet beveger seg opp og ned langs vannmålaren ser ein korleis den noverande vannskorpa ligg i forhold til dei ulike referanseverdiane, og i forhold til framtidig havnivå.

Praktisk informasjon

  • Presentasjon av prosjektet vil foregå på norsk og på engelsk. Kontaktperson er Magnhild Øen Nordahl.
  • Her finner du Dreggekaien