Saman jobbar vi for å nå FNs berekraftsmål ved å satse endå meir på det vi kan best her i Bergen og i Vestland – havet.
Havbaserte næringar står for om lag 70 prosent av Noregs eksportinntekter, og Vestlandet er ein sentral drivkraft. Vi har globale hovudkontor innan shipping og sjømat, stor aktivitet i Nordsjøen og verdsleiande miljø innan havforsking og teknologiutvikling. Vi har sentrale petroleumsmiljø som også bidrar i avkarboniseringa av petroleumssektoren.
Vi må satse på framtida
Her på Vestlandet må skuleungdom og nyutdanna få lære om framtidsretta arbeidsplassar innan havnæringane. Slik sikrar vi at dei blir med på å forme morgondagens berekraftige samfunn.
Havet har forma oss som folk
Frå fiskeri og sjømat til skipsfart og energiproduksjon har havnæringane vore ein motor for vekst og innovasjon. No handlar det om å bruke denne arven til å skape ei berekraftig framtid, slik at vi kan overlate havet i betre stand til komande generasjonar.
Kort sagt, her i vest står vi sterkt rusta til å møte morgondagens utfordringar. Difor har vi gått saman i One Ocean for å skape ein internasjonal møteplass der vi utforskar korleis Bergen som havhovudstad, Vestland som region og Noreg som havnasjon kan bidra til berekraftig utvikling gjennom samarbeid.
One Ocean Week er nettopp den møteplassen vi treng for å sikre havnasjonen Noreg ei lys framtid for komande generasjonar.
Jon Askeland
Fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
Styreleiar, One Ocean
Christine Meyer
Byrådsleiar, Bergen kommune
Styremedlem, One Ocean