16. april Vi som bygde ned Øygarden - Krisefornektelse, industrifrieri og storstilt utbygging?

Illustrasjon til eventet
Bilde: Jan Lillebø

Dato: 16. april 
Tid: Kl. 14.00-15.30
Sted: Kystmuseet i Øygarden, Museumsvegen 9, 5337 Rong

Er Øygarden den einaste kommunen i Noreg der vi ikkje treng urørt natur? Vil vi bli hugsa som dei som bygde ned Øygarden? Er naturforvaltinga i kommunane ein «heime-åleine-fest»?

 16. april 2024 arrangerer Berekraftsveko i Øygarden debatt om tap av natur og naturmangfald i Øygarden og Norge generelt. NRK har i 2024 aktualisert utfordringane med stadig større utbygging og tap av natur i Norge. Bakgrunnen for debatten er naturtapa vi har opplevd i Øygarden dei siste 50 åra, samt står ovanfor med alt i frå Sotrasambandet til potensielt bygging av kjernekraftverk. I tillegg er det kome ein rapport frå naturrisikoutvalet om at staten må kome med tydlegare føringar for å halde kommunane i øyra i utbyggingsspørsmålet. Det kan sjå ut til at det er ein konflikt mellom nasjonale vernestrategiar og lokale utbyggingsønske.

 Debatten vert leia av Harald Victor Hove.

I panelet finn vi blant anna

  • Alfred Jens Bjørlo - Stortingsrepresentant for Venstre
  • Roy-Eddy Lie - Eigedomssjef i Liegruppen AS
  • Andreas Ormevik - Leiar av Miljøpartiet de grønne in Øygarden
  • Lene Kristin Hansen - Nestleiar i Naturvernforbundet i Øygarden
  • Inger Måren - Professor (CeSAM)
  • Ruben Oddekalv - Leiar av Norges Miljøvernforbund
  • Lisbeth Selstø - Prosjektleiar Øygarden kommune
  • Kari-Anne Landro - Vest Næringsråd

 I forkant av debatten vert det ein Future Club session med korte 15-minuttars-innlegg knytt til tema naturtap, desse startar kl 13.00. Debatt og foredrag vert på norsk.

Praktisk informasjon