One Ocean Week

16. april Kunnskapsbasert planlegging av kystnære sjøareal

Undersjøisk nærbilde av koraller, tang og tare
Bilde: Inge Døskeland

Dato: 16. april
Tid: kl. 10.00-15.00
Sted: Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen

Kommunale planar er viktige verktøy for å sikre heilskapleg og berekraftig forvalting av kystsona. Kommunane skal planlegge sjøareala innafor grunnlinja som del av det heilskaplege kommuneplanarbeid. Planlegginga skal bygge på eit godt kunnskapsgrunnlag som både varetar omsyna til miljøet og andre nasjonale, regionale og lokale interesser. Korleis sikre at kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg og kva tema bør ha fokus?  

Under One Ocean Week inviterar Vestland fylkeskommune, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, til seminar om temaet. Seminaret retter seg i stor grad mot kommunale planleggarar. 

Programmet finn du her: 

Praktisk informasjon

  • Påmelding via Vestland fylkeskommune si nettside her for fysisk deltagelse
  • Seminaret blir strømma direkte via nettsida her for deg som ikkje kan delta fysisk
  • Arrangementet vil være på norsk
  • Lurer du på noko? Kontakt Cathrine Grasdal, Vestland fylkeskommune via e-post cathrine.gunn.grasdal@vlfk.no
  • Litteraturhuset finn du her