One Ocean Week

15. april Klimakveld på Havila Polaris - Kystruten på vei mot null

Bilde av skipet Havila Polaris
Bilde: Martin Giskegjerde/Oclin

Dato: 15. april
Tid: kl. 17.00-20.00
Sted: Jektevikterminalen, Nøstegaten 30, 5006 Bergen  

Korleis kan verdas vakraste kystrute også bli verdas grønaste? Maritime CleanTech og Havila Kystruten inviterer til teknologiseminar, mingling og omvisning på verdas mest miljøvenlege kystruteskip under One Ocean Week.

Med verdas største batteripakke i sin fartøyklasse kan «Havila Polaris» og søsterskipa allereie i dag segle fire timar utan utslepp og støy. Men Havila Kystruten har større ambisjonar: Dei vil segle utsleppsfritt heile vegen mellom Bergen og Kirkenes etter 2030.

Måndag 15. april kan du bli med ombord på «Havila Polaris» og oppleve «state of the art» innan miljøvenleg sjøfart. Ombord får du høyre frå leiande industri- og myndigheitsaktørar korleis dei ser for seg vegen mot nullutslepp for kystruta.

Du får også ein smak av Havila Kystrutens berekraftige matkonsept, basert på dei beste lokale råvarer og minimalt svinn. 

Programmet oppdaterast fortløpande. Meld deg på i dag for å sikra deg plass!

Praktisk informasjon

  • Påmelding via nettsida her
  • Lurer du på noko? Ta kontakt med Runar Bjørkvik Mæland, Maritime CleanTech, mob. 975 64 932 eller e-post runar@maritimecleantech.no
  • Jektevikterminalen finn du her
  •  Arrangementet gjennomførast på norsk